torsdag 17. februar 2011

Vinterkyss

Mandag 14/2/2011 såg eg ein film med klassen, den heitte Vinterkyss. Da eg først fikk høyre at vi skulle sjå film med klassen, tenkte en med ein gong Gudfaren 2, ettersom vi såg Gudfaren 1 forrige gong vi såg film i norsken. Eg blei litt overraska da Ingunn sa vi skulle sjå Vinterkyss, men eg må seie at eg blei positivt overraska. Personleg syne eg filmen var ganske fin.

Vinterkyss handlar for det meste om legen Victoria. Livet hennar blir eit heilt anna da sonen hennar døyr. Det som gjorde mest inntrykk på meg personleg, var måten vi får så intensiv kontakt med kjenslene til Victoria, og kor stor forandring det ble blei for ho etter at sonen hennar døydde. Det gjekk i alle fall djupt inn på meg.


Det var definitivt musikken som gjorde størst inntrykk på meg av verkemidla som blei brukt. Musikken hang i hop med handlinga, og musikk gir ofte eit stort inntrykk av handlinga dersom det har noko med kvarandre å gjere.

1 kommentar:

  1. Jeg var med i filmen å sang i det koret :) Er ifra Trysil som filmen ble spilt inn :)

    SvarSlett